Ta ordet! – appell etter femavsnittsmetoden
Dette opplegget drillar inn retoriske omgrep på ein morosam måte. Vi har lagt det opp som ein konkurranse med kameratvurdering, der skjemaet skal fyllast ut med kommentarar og karakter. Men skjemaet kan òg brukast som disposisjon eller skriveramme.
Opplegget er utarbeidd av norsklektor Line Ellingsen. Bakgrunnsstoff finn du her.
Oppgåve
Hald ein appell på maks. 5 minutt om ei sak der den raude tråden skal vere verdiar. Temaet kan du tolke fritt.
Poenget er å vere anten for eller imot noko – ikkje begge delar. Overtyd oss!
Måten du introduserer temaet ditt på, vel du sjølv. Finn gjerne ein overraskande innfallsvinkel.
Målgruppe: eit ålment publikum (eller ei anna målgruppe bestemt av læraren din)