Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
4

Analyseskjema noveller

Desse punkta er meint som skrivehjelp og er enklare lagt opp enn skjemaet på side 74 i boka.

Last ned skjemaet her: Analyseskjema noveller.

Innleiing


Presenter novella med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga ho stod i.


Handling

Gi ei svært kort oversikt over kva novella handlar om. Kva skjer, og kor går handlinga føre seg?


Personar

Gi ein karakteristikk av hovudpersonen og viktige bipersonar. Kva er forholdet mellom dei? Endrar hovudpersonen seg i løpet av handlinga - korleis?


Synsvinkel

Kven sine auge ser vi handlinga med, og kven får vi vite tankane til? Følgjer vi éin person (eg/han/ho), eller fleire? Kva slags verknad gir det?


Oppbygning

Begynner teksten in medias res, det vil si rett inn i handlinga? Korleis utviklar spenningskurva seg? Er det tilbakeblikk i tid – Kva skjer eventuelt der?


Forteljemåte

Er det mykje ytre handling, eller meir tankar og skildringar? Eller dialog? Kva slags verknad gir det?


Vendepunkt

Finst det eit høgdepunkt eller eit vendepunkt i teksten? Er det ein overraskande slutt? Kva gjer det med måten vi oppfattar handlinga på?


Språklege verkemiddel

Korleis bruker forfattaren språket, er det spesielle skildringar, stemningsskapande ord, språklege bilete eller symbol? Korleis understrekar dette handlinga?


Tema

Kva handlar teksten eigentleg om? Kjem det klart fram, eller må vi lese mellom linjene? Som regel har forfattaren eit poeng ho vil ha fram i teksten sin, noko ho vil seie. Dette er temaet. Dersom vi føler at forfattaren i tillegg vil «lære» lesaren noko spesielt med teksten sin, seier vi teksten har ein bodskap.


Avslutning

Skriv gjerne di eiga meining om det novella tek opp.