«Kantine hovedfag» – skriveramme
Last ned skriveramma her:
© Berit Roal/NTBScanpix
Diktet er skrive av Lars Saabye Christensen og står på side s. 271 i Signatur 1.
Innleiing
Presenter diktet med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga det stod i.
Diktet «Kantine hovedfag» er skrive av …
Det blei utgitt i …
Det er henta frå diktsamlinga …
Konkret innhald (motivet)
Beskriv innhaldet i diktet med dine eigne ord. Kva slags situasjon blir skildra? Kva seier eg-personen i diktet til lesaren?
Diktet handlar om kva uskrevne regler som kan gjelde i …
I denne kantina er det slik at …
Oppbygning
Beskriv kort korleis diktet er bygd opp (strofer og verselinjer, rim og rytme)
Diktet har berre …
Strofene har ulik lengd …
Når det gjeld rim, …
Verkemiddel
Kva slags verkemiddel bruker forfattaren? Kva slags stemme møter vi i diktet? ( bruk av munnleg språk, gjentakingar, direkte henvendelse til lesaren, ironi). Hugs å bruke sitat.
Diktet er forma som ein direkte henvendelse til lesaren …
Vi kan tenkje oss at den som snakkar i diktet er …
Språket til denne personen er …
Diktet fortel om ulike typar situasjonar som …
Innhaldet kan oppfattast litt komisk eller ironisk fordi …
Tema
Kva handlar diktet eigentleg om? Korleis oppfattar du personen i diktet? Trur du slike haldningar berre gjeld i kantina eller kan det overførast til alle forhold der ein er saman med andre?
Eg trur temaet kan vere at nokon ønskjer å dominere andre gjennom ulike hersketeknikkar fordi …
Eg trur temaet kan vere å føle seg usikker når ein har begynt på ein ny skule fordi …
Eg trur temaet kan vere mobbing fordi …
Eg trur temaet kan vere å føle seg usikker i ei ny kantine …
Eg trur temaet kan vere å føle seg usikker når ein treffer nye menneske …
Eg trur temaet er kor tøft og vanskeleg det kan vere å vere ny ein plass fordi …
Eg trur temaet kan vere …
Avslutning
Skriv di eiga meining om diktet og korleis det verkar på deg.
Eg synest diktet var …